Talet på Altibox-abonnentar i Bokn nærmar seg 250. Bokn kommune ynskjer fleire og vil dei neste vekene ringa rundt til busette og hyttefolk for å informera om Altibox-tilbodet, og vera hjelpsame med å ev. teikna abonnement.
Skulle du vera interessert, men ikkje bli oppringt, kan du ta kontakt med servicetorget, tlf. 52 75 25 00.
Etter perioden trekker Bokn kommune ut to stk. blant dei nye abonnentane, som får ein iPad kvar.