Arbeid på Boknasundbrua

Fugene på Boknasundbrua skal skiftast. Entreprenøren startar med rigg av utstyr og førebuing frå kommande veke (veke 43).

Bilde av Boknasundbrua, 09.08.20 - Klikk for stort bileteBoknasundbrua, 09.08.20 Nedas Bučius

Då er planen å montera skilt og fugebruer både i vest og aust på brua.

I veke 44 vil det bli utført vassmeisling og anna arbeid med demontering og montering av ny fuge, først i vest - så i aust. 

Midten av desember

Bruarbeidet vil føregå fram til midten av desember, i hovudsak på dagtid kl. 07 - 19 på kvardagar frå måndag til laurdag.

Det kan bli nødvendig med noko arbeid utanom desse tidene, men det er ikkje lagt opp til nattarbeid.

Eitt køyrefelt

I tida det føregår arbeid vil det bli innsnevring til eitt køyrefelt i arbeidsområdet, med manuell dirigering. Det kan bli nødvendig med korte stopp for montering/demontering.

Det er førebels ikkje planlagt noko stenging.