Blant tilskodarane var m.a. driftsleiar Kenneth Rott i entreprenørselskapet Bertelsen & Garpestad, prosjektleiar Asbjørn Opedal og kontrollingeniør Bjørn Brekke frå Statens vegvesen og rådmann Jan Erik Nygaard.
Denne veka har Bertelsen & Garpestad begynt med avgraving og tilrettelegging, og skal vera ferdige med den nye vegen innan 1. mai 2018.
Etterlengta
Boknarane har venta lenge på dette vegprosjektet, der vegen skal utvidast vestover til full breidde (6 m) – to køyrefelt med gul stripe i midten. På austsida vil det komma eit 2,5 m breitt fortau (sykkel- og gangveg).
- Den nye vegen betyr m.a. trygg skuleveg og at ein kan køyra til Føresvik på ein komfortabel måte. Men han vil også bety mykje for utviklinga i Bokn, særleg innan bustadbygging og næringsliv, seier ordførar Tormod Våga fornøgd.
Bakgrunn: