Arne Aurdal er død

Minneord frå kyrkjelydane i Tysvær og Bokn.

Bilde frå dåpsskule i Bokn kyrkje, advent 2017. - Klikk for stort bileteDåpsskule i Bokn kyrkje, advent 2017. Jan Magne Moi

Kyrkjelydane i Tysvær og Bokn har med sorg blitt gjort kjent med tidlegare sokneprest i Tysvær og Bokn, Arne Aurdal sin bortgang søndag 26. mai. Sjølv om me var kjende med at sjukdomen hans nå var over i ein ny fase, kom dødsfallet brått på. 

Sokneråda vil uttrykka stor medkjensle med familien i sorga. Me vil og uttrykka stor takk til det arbeidet som Arne Aurdal har lagt ned som sokneprest i Tysvær og Bokn sidan 1993. Ei slik lang teneste som sokneprest set mange gode spor etter seg i bygdene våre. 

Vi er mange som har arbeida saman med Arne som frivillige og tilsette i alle desse åra. Vi sit igjen med stor sorg, men ikkje minst med takksemd for den gleda og kjærleiken han bidrog med som soknepresten vår. Arne Aurdal vil bli minnast i kjærleik.

Kyrkjelydane i Tysvær og Bokn