Arne Fagerland blir ny barnevernleiar

Arne Fagerland - Klikk for stort bileteArne Fagerland karmoy.kommune.no Arne Fagerland er tilsett som ny leiar for barneverntenesta i Karmøy-Bokn. Han kjem frå NAV Karmøy-Bokn kor han har vore leiar for sosial og inkludering.

Han er 40 år, busett i Skudeneshavn, utdanna sosionom og vidareutdannar seg innan leiing.

Barneverntenesta har eit budsjett på 105 millionar og har for tida 63 tilsette. Tenesta har ansvar for 80 familiar som er besøksheimar, og 100 familiar som har oppdrag som fosterheimar. Vidare er det 75 personar som har oppdrag som; miljøarbeidarar, tilsynspersonar, tilsynsførarar og støttekontaktar. 

Barnevernleiar har eit overordna ansvar for økonomi, personal og drift av barneverntenesta i Karmøy-Bokn. 

Stort ansvar

Den nye oppvekstreforma, nytt lovverk og endra juridiske og faglege forventningar krev endringsvilje, nytenking og høg grad av sektorsamarbeid, heitte det i stillingsannonsa.

- Det er eit stort ansvar som skal forvaltast, gode oppvekstsvilkår for barn og unge legg jo grunnlaget for at ein seinare skal kunne handtera overgangen til vaksenlivet. Då er det godt å vita at det er ei veldriven teneste med mykje kompetanse eg skal inn i, seier Fagerland, som vil bruka den første tida på å bli kjend med tenesta og dei tilsette.

- Etter kvart har eg ambisjonar om å bidra til å utvikla tenesta vidare inn i framtida.

Fagerland tiltrer stillinga 8. oktober 2022, men startar i slutten av september for å sikra ein smidig overgang før Jakob Bråtå fråtrer og byrjar som barnevernleiar i Stavanger kommune.