AVOGTIL–serien

Korleis ser du på eigne alkoholvanar? Kor ofte drikk du eigentleg, og kor mykje alkohol får du i deg i løpet av ein kveld eller ein månad? Korleis påverkar drikkinga di deg sjølv og dei rundt deg?

Mats, Liss, Espen og Marina vil dette året dele tankar og refleksjonar om drikkevanar og drikkekultur med oss, eit tema det vert snakka for lite om i Norge i dag. Dei vert konfronterte med sine eigne vanar ved å teste ut det å vere alkoholfri i situasjonar dei pleier å drikke alkohol. Alkoholen sin verknad på fysisk og psykisk helse er også tema som kjem opp.

Følg med på AVOGTIL–serien, ein serie om alkoholvanar. Og uvanar. Fyrst ut er Mats.