Balansegruppe

 Ny balansegruppe (styrke- og balansetrening) startar på Boknatun i august.. 

Dette er styrke- og balansetrening i gruppe for eldre som bur heime og som ønsker å få betre balanse og styrke i beina. Passar både for dei med og utan ganghjelpemiddel. 

Målgruppa er eldre som er ferdige med kvardagsrehabilitering eller eit individuelt rehabiliteringsforløp, og eldre som bur heime og merkar at balanse og styrke ikkje lenger er det det ein gong var. Målsettinga med gruppa er å forhindre fall og fortsette å vere sjølvstendige heime. Treninga skjer i ei gruppe med begrensa antal og foregår ein gong i veka i 10 veker.

Påmelding/Informasjon

Kontakt kommunal fysioterapeut Irene Høyvik Jørgensen på telefon 901 13 267 eller irejor@bokn.kommune.no 

Er gruppa full nå kan du stå på liste til neste gruppe startar. Det går to grupper parallelt og det blir fleire grupper pr. halvår. Pris er 300 kr.