Ber bilistar vise alkovett i juletrafikken

Både ordføraren på Bokn og boknaren Helge Solberg køyrer sjølvsagt rusfritt. Dei oppfordrar alle andre om å gjera det same. Frå venstre: Ordførar Osmund våga, Helge Solberg Anne Elisabet Askeland Den travle førjulstida er òg høgtid for ulykker. No får sjåførar i Tysvær og Bokn ei ekstra oppfordring om å halde trafikken rusfri.

AV og TIL kommunane Bokn og Tysvær godt representerte under dagens aksjon med Politiet. Frå venstre: Ein av fire representantar frå Politiet, ordførar Tysvær Sigmund Lier, folkehelsekoordinator Ann-Kristin Berge Dahle og ordførar Bokn Osmund Våga. Anne Elisabet Askeland Aksjonen er eit samarbeid mellom politiet, og Bokn og Tysvær kommune, som jobbar målretta med alkovett i samarbeid med organisasjonen Av-og-til.

- Desember er ein fuktig månad, og mange av oss drikk meir no enn elles i året. Derfor er vi ute i dag for å minne trafikantane om å halde på dei gode promillefrie køyrevanane i jula, seier Anne Elisabeth Askeland.

Ho er Av-og-til-koordinator i Bokn kommune. Saman med Ann-Kristin Berge Dahle frå Tysvær kommune bruker ho dagen til å dele ut flygeblad og isskraper til bilistane.

- Alkohol og bilkøyring er ein livsfarleg kombinasjon. Reaksjonsevna blir dårlegare, og vi oppfattar ikkje farar som kan oppstå, like raskt som elles. Derfor er det så viktig at vi er edru når vi køyrer bil, seier Ann-Kristin Berge Dahle, Av-og-til-koordinator i Tysvær kommune.

Vil dagen-derpå-køyringa til livs

Ei undersøking som Ipsos har utført på vegner av Av-og-til, viser at 19 prosent av innbyggjarane i Rogaland har køyrt bil dagen etter at dei har drukke alkohol, og vore usikre på sin eigen promille.

- I desse julebordstider er det viktig for oss å informere om at promillen sit i kroppen lenger enn ein skulle tru. Det er som regel ikkje nok med berre ei natts søvn før ein er ein trygg sjåfør igjen dagen etter julebordet, seier Ann-Kristin Berge Dahle.

Ho fortel at mange som blir tekne med promille, ikkje innser sjølv at dei har promille.

- Vi har ei klar oppfordring til alle som skal ut i trafikken denne jula: Er du i tvil om du har promille? La bilen stå! seier Anne Elisabeth Askeland.

Av-og-til på nett