Biblar til 5. klasse

Bokn kyrkje: Biblar til 5. klasse.Under gudstenesta på bibeldagen, søndag 29. januar, fekk 5.klasse kvar sin bibel. Den skal dei bruke fram til dei er konfirmantar. 

Av Jan Magne Moi

Under presentasjon av biblar, fekk kvar av 5.klassingane løfte fram ein bibel frå ulike land, også den eldste bibelen som Bokn kyrkje har i eige.

Kyrkja feirer i år at det er 500 år sidan reformasjonen. Trykkekunsten var forholdsvis ny og Martin Luther si omsetjing av bibelen til morsmålet, førte til ein eventyrleg produksjon av biblar og andre skrift som Luther skreiv.