Bildegåver

Marie Vågshaug, ordførar Tormod Våga og Kurt Misje. Tek du oppfordringa, du dyktige hobbyfotograf?

Av Anne E. Askeland

I anledning opninga av den nye fleirbrukshallen på Bokn ynskte hobbyfotograf Kurt Misje å gje ei gåve til bruk i hallen. Gåva kunne sjølvsagt ikkje vere anna enn eit bilde til å hengje på ein av dei mange, flunkande nye veggene.

Men, eit bilde er jo- berre eit bilde. Hallen har mykje vegg… Misje utfordra difor hobbyfotografar frå sjølvaste øynå; vinn- vinn for alle partar og til stor glede for besøkjande og brukarar av hallen, tenkte han.

Lokale fotografar som vart utfordra til å gje ei bildegåve til fleirbrukshallen er:

Marie Vågshaug, Tom Inge Aksdal, Jardar Havikbotn, Hans Faye, Kjetil Hamre, Janne Elisabet Ytreland, Kyrre Lindanger, Ørjan Pedersen, Armand Svendsen og Ingunn Grønnestad.

Like før årets siste kommunestyremøte vart sett, kunne ordføraren allereie ta imot to bilder. Marie Vågshaug og Kurt Misje gler seg til å sjå bildene sine på veggen i hallen og sender ei påminning til dei andre fotografane: Har du lyst til å setja spor etter deg; kunne du tenkje deg å bidra til utsmykninga av hallen?

Kva med å gje ei bildegåve; til glede for alle partar!

Begge bildene som vart overrekte 13.12 er  i størrelse 50 cm  x 70 cm. Bildene er trykt på skumplast.

PS. Tom Inge Aksdal har også sitt bilde klart, men var forhindra frå å møte tysdag 13.12. Han vil overrekkje sitt bilde ved anledning.