Bli med i ungdomsrådet!

Bokn ungdomsråd - Klikk for stort bileteBokn ungdomsråd Jardar Havikbotn Bokn kommune skal velje representantar til nytt ungdomsråd for 2022 - 2024.

Vil du vere med å gjere ein forskjell for barn og unge i kommunen vår?

Bokn ungdomsråd søkjer nye medlemmer. Er du mellom 13 og 17 år har du moglegheit til å vere med. Me treng nye representantar som kan sitte for perioden 2022 – 2023. Som medlem får du mogelegheit til å fremje det beste for barn og unge i Bokn.

Ungdomsrådet er eit lovpålagt organ som skal sikre ungdommar ein reell, brei, open og tilgjengeleg moglegheit for medverknad for ungdom i dei demokratiske prosessane. Ungdomsrådet skal være eit talerøyr og ein felles arena for saker som angår born og unge i kommunen. Rådet skal være partipolitisk uavhengig og ivareta interessene til ungdom i heile Bokn.

Rådgivande organ

Bokn ungdomsråd (BUR) skal være eit rådgivande organ for kommunen og skal få moglegheit til å komme med innspel til saker som angår born og unge. Rådet skal ha moglegheit til å gi skriftleg rådgivande uttale før saker skal behandlast endeleg i andre organ.

Ungdomsrådet har og mandat til å fremje eigne saker som angår born og unge, og Ungdomsrådet kan sjølv opprette arbeidsutval og arbeidsgrupper etter eige ønske og behov.

Bokn ungdomsråd består av 5 faste medlemmer og 3 varamedlemmer. Fyrste møte er i januar 2022. Det er lagt opp til 5 møte i året.

Påmeldingsskjema