Bli med i ungdomsrådet!

Bokn ungdomsråd - Klikk for stort bileteBokn ungdomsråd Jardar Havikbotn Bokn kommune skal velje representantar til nytt ungdomsråd for 2022 - 2024. Vil du vera med og gjera ein forskjell for barn og unge i kommunen vår?

Bokn ungdomsråd søker nye medlemmer. Er du mellom 13 og 17 år har du moglegheit til å vera med. Me treng nye representantar som kan sitta for perioden 2022 – 2023. Som medlem får du mogelegheit til å fremma det beste for barn og unge i Bokn.

Talerøyr for barn og unge

Ungdomsrådet er eit lovpålagt organ som skal sikra ungdommar ein reell, brei, open og tilgjengeleg moglegheit for medverknad for ungdom i dei demokratiske prosessane. Ungdomsrådet skal vera eit talerøyr og ein felles arena for saker som angår barn og unge i kommunen. Rådet skal vera partipolitisk uavhengig og ivareta interessene til ungdom i heile Bokn.

Bokn ungdomsråd (BUR) skal vera eit rådgivande organ for kommunen og skal få moglegheit til å komma med innspel til saker som angår barn og unge. Rådet skal ha moglegheit til å gi skriftleg rådgivande uttale før saker skal behandlast endeleg i andre organ.

Ungdomsrådet har og mandat til å fremma eigne saker som angår barn og unge, og Ungdomsrådet kan sjølv oppretta arbeidsutval og arbeidsgrupper etter eige ønske og behov.

Bokn ungdomsråd består av 5 faste medlemmer og 3 varamedlemmer. Første møte er i januar 2022. Det er lagt opp til 5 møte i året.

Oppfordrar til engasjement

Ordførar Osmund Våga oppfordrar ungdom til å engasjera seg i politisk arbeid, enten ved å melda seg inn i eit politisk parti,  i andre organisasjonar eller delta i ungdomsrådet.

- Då får ein moglegheit til å vera med å påverka samfunnet, både det som direkte angår ungdom, som skule og fritidstilbod, og korleis Bokn skal vera i framtida. Erfaringar frå politisk arbeid kan vera nyttige å ta med seg, seier han - og legg til:

- Me vil også setta av midlar i budsjettet slik at ungdomsrådet kan laga til aktivitetar for ungdom om dei ønsker det.

Ta kontakt

Er du interessert, ta kontakt med varaordførar Lene Ognøy Foss, tlf. 45036191 innan 10. des.