Bli næringshagebedrift

Bilde frå nettsida til Næringshagen Rogaland Ressurssenter. - Klikk for stort bileteBilde frå nettsida til Næringshagen Rogaland Ressurssenter. rrs.no I samband med forprosjektet “Opplev Bokn” ønsker Bokn kommune å bidra til at det lokale næringslivet på Bokn skal få tilgang til kompetansen til Næringshagen Rogaland Ressurssenter.

Dette gjer dei ved at dei ut året “spanderer” eigedelen til alle bedrifter som blir ei “målbedrift” hjå Rogaland Ressurssenter før nyttår.

Næringshagen Rogaland Ressurssenter bistår i dag ei rekke av regionen sine mest spennande selskap med bedriftsrådgiving. Rådgivarane deira har ein kjernekompetanse på kva som gjer at nokon bedrifter lukkast og andre ikkje. Næringshagen bidrar til vekst og utvikling i lokalt næringsliv ved å bistå regionen sine selskap med eigne verktøy for vekst.

Gjennom det nasjonale Næringshageprogrammet, og ved hjelp av Bokn kommune kan dei nå bistå med råd og rettleiing, vera sparringspartnar for bedrifta innan ulike problemstillingar, kartlegga dagens situasjon for bedrifta, bistå med søknadsskriving om blant anna Covid-19 midlar og andre støtteordningar inn mot for eksempel Innovasjon Norge, bistå innanfor nye satsingsområde, bidra til nettverk og lignande.

Med hjelp frå Bokn kommune, kan dei nå signera avtalar med bedrifter som gjeld ut året 2021 vederlagsfritt.

Les meir om kva det inneber å bli målbedrift hos Næringshagen Rogaland Ressurssenter:

Bli næringshagebedrift 

Send gjerne mail til rannveig.madsen@rrs.no / lippestad@rrs.no for meir informasjon.