Blir pensjonist

Kyrkjeverja, Jan Magne Moi, sluttar etter å ha nådd pensjonsalder.

Bilde av Jan Magne Moi, som har vore kyrkjeverje i 10 år i Bokn. - Klikk for stort bileteJan Magne Moi har vore kyrkjeverje i 10 år i Bokn. Marie Vågshaug

Av Marie Vågshaug

Kor lenge har du vore i tenesta?

- Det har vore spanande å kome til ein ny jobb. Eg kjente jo til mange boknarar før eg begynte, så det gjorde det litt lettare å begynne.

Engasjement for kyrkja

Korleis har det vore?

- Det har vore fantastisk å ha kontor i kommuneadministrasjonen. Eg følte meg veldig godt motteken. Rådmann, Jan Erik Nygård, var opptatt av at eg skulle finne meg til rette og hadde ei ordning med jamnlege møte med han og teknisk etat der eg kunne ta opp ting eg lurte på. Det gav veldig trygghet.

- I tida som kyrkjeverje har det vore fleire sokneråd. Det er kjekt å sjå engasjementet for kyrkja. Alle er opptekne av det beste for kyrkja.

- I 2014 fekk me trykt den vesle boka «Kyrkja mi». Soknerådet var enige om å spørje om sponsing til prosjektet. Me fekk faktisk alt dekka. Det var fantastisk. No får alle boknarar boka når dei fyller 3 år. Dei får den saman med ein Undretur i kyrkja der ein finn att det som det er bilete av i boka.

Tilrettelegging

Kva store ting har skjedd i kyrkja?

- Den største saka var nok «Universell utforming». Det vart vedteke å ta ut to kyrkjebenkar bak i kyrkja for å leggje til rette for rullestolar og eventuelt barnevogner. Golvet i midtgangen måtte hevast og heile golvet i skip og våpenhus måtte målast.

- Det kom også sti rundt kyrkja fram til toalettbygget som også vart ombygd med eit HC-toalett. Elles er heile kyrkja blitt måla. Inne er søyler og vindauga måla samt isett ekstra vindauge til isolasjon av vindauga i kyrkjeskipet.

- Kyrkjegarden har fått «Namna minnelund» for urner. Her kan ein setje ned urner, men ha namn mm på ein felles gravstein. Me ser at dette er blitt meir og meir etterspurt på Haugalandet.

- Eg må heller ikkje gløyme parkeringsplassen. Det var jo uråd å parkere. Med ny stor parkeringsplass, vart det mogeleg å parkere også under store gravferder eller andre arrangement som samla mykje folk.

Mykje glede

Er det noko anna du vil trekkje fram?

- Frå før eg begynte, hadde Svanhild Alvestad samarbeidd med Tysvær kyrkjeleg fellesråd for å få ei felles satsing for barn og unge. Det resulterte i prosjektet «Kyrkjenær». Det har vore til stor glede. På den måten er det tilrettelagt eit opplegg for alle årskulla. Men det trufaste arbeidet i speidargruppa, står det stor respekt av. Det er aktivitet som går over heile året.

- Mottoet for kommunen er «Kjekt i Bokn». Det kan eg skrive under på. Når me feira 175 års-jubileum i fjor haust, stilte revyen opp med «da capo» på sketsjen dei hadde nå Arne Aurdal slutta. Kjempekjekt! Me er heldige som har ein god arbeidsstab der både prest, organist og kateket er felles med Tysvær.

- Odd Grønnestad har vore kyrkjetenar sidan 80 talet. Det vitnar om truskap og er ei fantastisk styrke for tilsette og bygdafolk. Takk til sokneråd og alle som gjer ein innsats for kyrkja og for fellesskapet. Eg har hatt mykje glede av å vere i Bokn desse åra.

Då vil me frå Bokn takke for tenesta og ønskje deg lukke til som pensjonist.