Bokn G-14 fotball til topps i kamp om Norway Cup 2017 sitt miljøstipend.
I konkurranse med lag frå heile Norge gjekk Bokn IL sine fotballguttar 14 år til topps og vann 1. premie - miljøstipend på kr 30.000,- som blei utdelt av Norway Cup organisasjonen for dei laga som hadde rydda ei strand i sitt nærområde (strandrydding).
Publisert av Gro Sørensen
Publisert 30.07.2017 16.14
Sundag 30. juli 2017 blei vinnerane av miljøstipendet frå Norway Cup annonsert og 4 lag var med i sluttspurten på konkurransen der lag frå heila landet var nominert.
Hurra - fotballlaget G 14 frå Bokn IL gjekk av med 1. premien og måtte opp på scenen sundag formiddag under Norway Cup for å motta heder og stipend for rydding av strand i sitt nærområdet.
Gratulerer til laget og støtteapparat for ein super innsats og med miljøstipendet på kr 30.000,-. (Dei 3 andre laga vann kr 10.000 kvar.)
Bokn kommune ynskjer dei ein strålande deltakelse videre i Norway Cup.