I ein presentasjon av bokprosjektet frå redaksjonsnemnda heiter det m.a. at boka, der innhaldet vil spenna frå kring 1860 og fram til i dag, skal vera eit «vindauge» mot Bokn som var for nåverande og komande generasjonar. Ho skal gjera folk kjende med og stolte av heimbygda si.
Les også: Bildebok frå Bokn
Marknadsføring
Verket på 200 sider, som har ei total budsjettramme på kr. 120.000, skal vera eit virkemiddel for å henta inn informasjon og formidla foto som ikkje har vore formidla før. Ho skal vidare kunna brukast i marknadsføringa av kommunen og visa ulike formar for aktivitet og næringsverksemd knytt til Bokn.
Redaksjonsnemnda består av prosjektleiar og forfattar Birger Lindanger, Linda Ognøy, Olav Larsen, Reidar Alvestad og Eivind Øvrebø.