Bokn IL 50 år!

Flagging på Boknatun. - Klikk for stort bileteFlagging på Boknatun. Jardar Havikbotn Bokn idrettslag er 50 år i år. I følge Bokn Kultursoga blei laget stifta 13. januar 1972.

Det var bygginga av Bokn skule i 1972 (som blei riven i fjor), med planar om stor gymsal, idrettsbane med internasjonale mål og skikkeleg garderobeanlegg, som inspirerte ein del ungdommar til å koma samen for å skipa eit idrettslag.

13. januar 1972 blei det arrangert eit startmøte, og det står også på side 1115 i Bokn Kultursoga, band 2 at tiltaket blei så populært at det i løpet av dei neste 13 åra blei 176 medlemmer i laget (kvar fjerde boknar).

Nåverande leiar, Simon Sjøen fortel at jubileet skal markerast seinare i år.