Bokn kommune digitaliserer utsending av faktura

Skjermbilde frå video om digital faktura. - Klikk for stort bileteSkjermbilde frå video om digital faktura. visma.no Bokn kommune gjennomgår tenestene sine med sikte på å effektivisera og redusera kostnadar. Me startar nå med digitalisering av utgåande faktura til kundar.

Kva konsekvensar har dette for deg?

Den nye løysinga betyr at alle fakturaene nå blir forsøkt sendt digitalt, som eFaktura, som Vippsfaktura, via digital postkasse (Digipost eller eBoks) eller som vedlegg i e-post. Dersom dette ikkje er mogleg vil fakturaen bli levert som papirfaktura i postkassen din.

Efaktura/Avtalegiro

Efaktura/avtalegiro må du avtala med banken din. Om du har avtalegiro eller efaktura-avtale, vil du fortsatt motta faktura som avtalegiro eller efaktura.

Faktura via Vipps

Me vil nå kunne tilby levering av faktura som Vippsfaktura. Dette forutset at du brukar Vipps, og at du har aktivert tenesta Vipps-faktura i Vipps-appen.

Faktura i Digipost/eBoks

Dersom du er van med å få faktura i postkassen din, vil du nå kunna motta faktura som post i Digipost- eller eBokspostkassen din.

Dette forutset sjølvsagt at du har ein digital postkasse (Digipost eller eBoks) og at du ikkje har reservert deg mot mottak av digital post frå det offentlege.

Faktura som vedlegg i e-post

Faktura kan leverast som vedlegg i e-post frå Bokn kommune. Dette forutset at det er registrert ei gyldig epostadresse i Bokn kommune sitt kunderegister.

Faktura per post

Er det ikkje mogleg å senda faktura digitalt, blir faktura sendt som brevpost.

Brevgiro  NB! Dei nye fakturaene kan ikkje nyttast for betaling via brevgiro

Betalar du via brevgiro, må du bruka ein tom bankgiroblankett, fylla ut nødvendig informasjon som du finn på den tilsende fakturaen og deretter bruka den ferdig utfylte bankgiroblanketten til betaling via brevgiro. Slike tomme bankgiroblankettar kan du få hos din lokale bank eller på kommunehuset.

Informasjon som må fyllast ut på den tomme fakturablanketten er:

  • Beløp
  • Betalar sitt bankkontonummer
  • Betalt av
  • Betalt til
  • Kundeidentifikasjon (KID)
  • Kroner og øre
  • Til konto

Her kan du sjå video som forklarer digital faktura for deg: