Bokn legekontor, sommar og haust 2023

Bokn legekontor har siste opningsdag fredag 23. juni. Etter dette er det feriestengt til og med 31. juli.

I dette tidsrommet vil Haugaland medisinske senter på Raglamyr vere vikar for oss, for alle henvendingar som ikkje kan vente i ferien. Du når dei på tlf. 52 70 08 30. Adressa er Stølsmyr 22, 5542 Karmsund.

Legevakta brukar du dersom det ikkje kan vente til neste virkedag. Dei når du på 116 117.

Står det om liv ringer du 113.

Vikar i haust og vinter

Frå tysdag 1. august er legekontoret i vanleg drift. På grunn av avvikling av permisjon vil du møte vår vikar Arne Brandt-Rantzau på legekontoret i haust og i vinter. Han var sist vikar her hausten 2020, og vi er glade han kan komme hit denne gongen også. Jan er tilbake igjen 2. april 2024.