Bokn Ungdomsråd

Hei kjære ungdom frå Bokn, vi treng deg som er mellom 13 og 18 år. 

Bokn ungdomsråd - Klikk for stort bileteBokn ungdomsråd Jardar Havikbotn

Vi står føre mange kjekke ting som skjer på heimplassen vår, og vi ynskjer å fortsetje å ha eit medverkande og aktivt ungdomsråd.

Då treng vi DEG, som brenn for å få til aktivitetar for ungdom, som tenkjer på kva vi vil i framtida, som kan vere med å utvikle eit trygt og godt miljø for alle barn og unge på Bokn.

Er dette noko du kan tenkje deg å vere med på, send ein sms til:

Koordinator Elisabet Taraldlien, mob: 46 95 95 13
Helsing Bokn Ungdomsråd