Boknar fekk bronse i sykkel-EM

Matilde Skjelde var med på det norske laget då juniorryttarane tråkka inn til bronsemedalje på blanda lagtempo i europameisterskapet i landevegssykling.

Bilde av Matilde Skjelde frå Bokn, som imponerte i lagtempo i europameisterskapet i landevegssykling 2024. - Klikk for stort bileteStrålande innsats: Matilde Skjelde frå Bokn imponerte i lagtempo i europameisterskapet i landevegssykling 2024. Torunn Skjelde

Det var seks ryttarar frå kvar nasjon på kvart lag; tre guttar og tre jenter. Guttane starta først, så jentene. Noreg låg på 6. plass etter at guttane hadde sykla sin del, 1 min og 6 sek. bak Nederland, og 1 og 48 sek. bak Tyskland på 2. plass.

Raske jenter

Dei norske jentene var raskast av alle og køyrde laget opp på 3. plass. I mål var Noreg berre 22 sek. bak Nederland som vann, og 12 sek. bak Tyskland på 2. plass. Imponerande av dei norske jentene!

Me gratulerer med strålande innsats! Søndag ventar fellesstarten for sykkelstjerna frå Bokn.  

Fleire bilde frå bragden: