Bra mat-kurs også for ungdom

Ungdommane fekk øve seg på å lese varedeklarasjonar.

Kostholdskurset Bra Mat for bedre helse er eit inspirasjonskurs som er både praktisk og teoretisk. 

Knekkebrød, cottagecheese, valnøtter, rosiner og honning er eit sunt, godt og enkelt mellomtid.Knekkebrød, cottagecheese, valnøtter, rosiner og honning er eit sunt, godt og enkelt mellomtid.For auka motivasjon: 5 om dagen – skjema!

Av Anne E. Askeland og Miriam Berland

Kurset går vanlegvis over fem samlingar og vert leia av kurshaldar Miriam Berland, Bokn kommune samt klinisk ernæringsfysiolog som begge har tilknytning til frisklivssentralen i Bokn.

Kurset er egna for alle som ynskjer inspirasjon i forhold til mat i kvardagen, oppfriskning av kunnskap og eventuelt motivasjon til å gjere endringar.

I vår har Bokn kommune i tillegg avholdt Bra mat-kurs skreddarsydd for ungdom. Over tre kursdagar har deltakarane fått friska opp kunnskapen dei allereie har om kva mat som gjer godt for helsa. I tillegg har dei fått lære nye, relevante ting om mat og helse. Bokn kommune har som målsetting å halde Bra mat-kurs for ungdom ein gong per år (NB. Avhengig av etterspurnaden.)

Tema som blir gjennomgått er blant anna:

  • Små skritt, store forbedringer
  • Må det søte liv smake søtt?
  • Ikkie ett fett
  • Lær å lese varedeklarasjonar
  • Oppskrifter på enkle, raske og sunne måltider samt snacks
  • Praktisk matlagning

Interessert i meir informasjon om sunne val for helsa di?

Ta då for eksempel gjerne en klikk på «Råd for et sunt kosthold», www.matportalen.no