Det aktuelle området, 15.01.23.
Jardar Havikbotn
I desse dagar er det full aktivitet for å få etablert hovudriggen til Skanska Anlegg. Det er den nordre delen av Boknafjordtunnelen i Rogfast-prosjektet som skal byggast.
- Området skal planerast i to nivå. Det vil bli sett opp ein stor kontorrigg, ein kantinerigg og to bustadriggar i to etasjar, og det vil bli sett opp ein tredje bustadrigg hausten 2023. Når bustadriggane er fullbooka, vil det på det meste bu om lag 130 personer i brakkeriggen, fortel prosjektsjef i Skanska, Anne Brit Moen.
Folk frå heile landet
Planskisse av området i Knarholmen.
skanska.no
Det er Vassbakk og Stol (VS) som utfører det meste av arbeidet. VS er heileid dotterselskap av Skanska, og deira personell skal utføra alle veg- og grunnarbeider på denne entreprisen.
Frå slutten av februar skal Skanska sine tilsette frå andre stader i landet bu i brakkeriggen, saman med personell frå dotterselskap og underleverandørar.
- Me ser fram til å komma i gong med tunneldrifta, og håpar at den raske auken i folketalet for Bokn ikkje blir noka stor ulempe. Me skal gjera vårt beste for å ikkje vera til bry, og vil gjerne ha tilbakemeldingar viss noko er til ulempe for naboane, avsluttar Anne Brit Moen.
Tredje brakkeleiren
Skisse av ei brakkeeining.
skanska.no
Dette blir den tredje brakkeriggen i Knarholmen. Frå 1998 hadde Statoil (Equinor) brakkeleir der i samband med Europipe ll (PDF, 581 kB), og i 2018/2019 var NCC Construction AS laga ein sidetunell i Rogfast-prosjektet.