Brannfolk på helseoppdrag

Kaj Arne Christiansen med den nye bilen.

Bokn brannvesen er med i First Responder-ordninga. Kva inneber det? 

Det betyr at dei får melding frå AMK (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) og rykker ut til alvorleg sjuke og hardt skada personar, og gir dei førstehjelp medan dei ventar på medisinsk personell.

Dei 16 brannfolka i Bokn har gjennomgått kurs (ei veke) hos Norsk Luftambulanse. Fire av dei 16 har ambulanseutdanning, kor to jobbar 100% i ambulansetenesta. Desse har vore med og dratt opp dei andre, og spisskompetansen til Bokn brannvesen er veldig god.

First Responder-sekk og hjertestartar er ein del av utstyret i den nye bilen.First Responder-sekk og hjertestartar er ein del av utstyret i den nye bilen.


Ny bil

29. mars henta tillitsvald i Bokn brannvesen, Kaj Arne Christiansen, ein ny bil som skal brukast på utrykkingsoppdrag. Brann- og redningsbilen, full av førstehjelpsutstyr, 190 hestar og firhjulstrekk, er mykje raskare enn hovudbrannbilen (kjøpt sommaren 2016) - og vil alltid vera først på staden. Det er såkalla standardutlegg i han sånn at ein er klar til slukking når hovudbrannbilen kjem.

Varmesøkande kamera og undervasskamera er blant det nye utstyret Bokn brannvesen har skaffa seg.Varmesøkande kamera og undervasskamera er blant det nye utstyret Bokn brannvesen har skaffa seg.

 

Varmesøkande kamera, ekstra båre, eige lysopplegg, svært gode fjernlys, blålys, sirener, og spesialseter til røykdykkarar er det også i bilen, som har plass til fem personar – det same som hovudbrannbilen har.

- Dette er ein veldig god bil, seier Kaj Arne, som er ambulansearbeidar i Stavanger og på Rygerdoktoren. Radio og navigasjonsutstyr er også sjølvsagt, slik at dei m.a. får god informasjon under utrykkinga og kan planlegga oppdraget.

Trygt på Bokn

Kaj Arne er svært nøgd med alt utstyret som har blitt grundig oppdatert, og viser meg også komplett overflateredningsutstyr, fått av Gjensidigestiftelsen og Det store brannløftet. Utstyret er til tre mann i sjø/vatn og seks på land. Dei skal snart på kurs for å læra seg å bruka overflateredningsutstyret.

Bilen har tre røykdykkarsete. Her skal røykdykkarane tre på seg utstyret som ein sekk.

Bilen har tre røykdykkarsete. Her skal røykdykkarane tre på utstyret som ein sekk.

Han er også begeistra for dei flotte lokalitetane brannkorpset har, og synest det er veldig kjekt å vera med i Bokn brannvesen.

- Alt fått og kjøpt utstyr samt kompetanseheving dei siste åra har gjort det tryggare å bu på Bokn, avsluttar Kaj Arne Christiansen.