Busetting av flyktningar i Bokn kommune

pixabay.com Bokn kommune har blitt oppmoda av IMDI om å ta imot 15 flyktningar frå Ukraina i 2022. Dette var kommunen positiv til.

Dei frivillige organisasjonane kom raskt på banen, og sette i verk eit stort apparat og arbeid med å møblere tre av dei orange omsorgsbustadene nord for Boknatun.

Kommunen har også sett i gong arbeidet med å etablere ei flyktningteneste, slik at vi er sikre på at vi kan ta imot desse flyktningane på ein god måte. Vi har fått på plass flyktningkoordinator, og inngått eit samarbeid med Karmøy kommune på nokre område.

Les også:

Dei to fyrste

40% er barn

Myndigheitene har vist til at kommunane må leggje til grunn at 40% av flyktnignane frå Ukraina vil vere barn. Det vil seie at Bokn kommune truleg må sikre barnehage- og skuleplass til 6 barn. Kommunalsjef kultur og oppvekst stadfestar at sektoren vil kunne handtere dette, men må sikre ressursar for morsmålundervisning. Vidare må kommunen tilby introduksjonsprogrammet til dei vaksne flyktningane.

Videre er det uttalt at kommunen må sikre helsekartlegging, helsehjelp og vaksinasjonstilbod til flyktningane frå Ukraina, og kommunalsjef helse- og omsorgs har i dialog med kommuneoverlegen stadfesta at sektoren er klar til dette.

Det er ikkje klart kor mange eller kven som eventuelt kjem til Bokn, men vi forbereder oss på å busette ukrainske flyktningar på kort varsel når det eventuelt kjem forespørsel frå IMDI. Kommunen har nokre ledige bustader, men det kan også være behov for å busette i private bustader.

Leigebustader

Har du bustad til leige for ukrainske flyktningar? Bokn kommune ønsker å kartlegge kven som har bustad, og ber deg benytte kontaktskjemaet nedanfor. Dette er ingen kontrakt, men ei kartlegging. Dersom det blir aktuelt med å leige, vil kommunen kontakte deg.

Det er viktig at Bokn kommune kan gje flyktningane frå Ukraina gode tenester innanfor helse og oppvekst. Når vi så får til dette, kan vi tilby å ta imot fleire flyktningar frå krigsområde i Ukraina.

Ta godt imot dei

Ynskjer alle vil ta godt imot dei to som no kjem, slik at dei blir kjende med folk og nærmiljøet. No går det mot sommer og ei tid kor det kanskje er ekstra viktig å ta hånd om dei.

RAUS - Å gi av seg sjølv utan å vente noko tilbake. Å sjå stort på ting og å oversjå bagatellar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Skjema for private utleiere

1. Navn på kontaktperson

2. Telefonnummer

3. E-post

4. Boligtype (enebolig, tomannsbolig, leilighet, sokkelleilighet, hybel, hytte, som i bolig, annet)

5. Adresse til bustaden

6. Antall soverom

7. Har bustaden eige kjøkken og bad?

8. Har bustaden internett?

9. Strøm inkludert?

10. Husleige i kr?

11. Beskriving av bustaden (Eks kvadratmeter, kor mange soveplasser, uteområde, parkering, bussforbindelse

 

Opplysingane sendast til flyktningekoordinator, på papir eller mail

Anne Grethe A. Osvåg annosv@bokn.kommune.no