Bytta kontor

Jan Erik Nygaard flytta til nytt kontor, 15. mai 2020. Jardar Havikbotn Fredag 15. mai flytta rådmann Jan Erik Nygaard frå rådmannskontoret. Måndag 18. mai byrjar den nye rådmannen, Ingeborg Skjølingstad.

- I dag er det starten på slutten på jobben i Bokn kommune, seier 67-åringen, der han sit på det nye kontoret ved Servicetorget (tidlegare NAV-kontor).

Jan Erik Nygaard på sin siste dag på rådmannskontoret, 15. mai 2020. Jardar Havikbotn Landets lengst sitjande rådmann (38 år) tenker på at dette er ein ny fase i livet, og at tida som pensjonist nærmar seg.

Les også:

Ny rådmann på besøk

- Eg er heilt sikker på at Bokn får ein kjempeflink rådmann i Ingeborg Skjølingstad, og eg føler at det er fint å slutta nå, seier Jan Erik Nygaard.

Me kjem att med eit tilbakeblikk når han blir pensjonist i august.