Dagen før dagen

Det meste er klart for den store opningsdagen i Bokn Arena. 

Boknakoret & AksangBokn musikkorpsAnette Våga og sonen Fredrik testar squashhallen.

I går øvde m.a. Bokn barnekor, Boknakoret/Aksang, Bokn musikkorps og Bokn revylag i hallen. Dei er blant bidragsytarane i morgon. 1. oktober, der kommunen ynskjer å visa fram det aller meste av lokale krefter innan idrett og kultur, og heile dagen vil veksla mellom aktivitetar, oppvisningar og sceneinnslag. Det er også lokale krefter som står bak revyen kl. 18:30 og dansespelinga frå kl. 22:00. 

Ein stor takk til Coop Marked Bokn for forhåndssal av billettar til revy og dans. Det er 500 billettar til kvar av hendingane, så det skal mykje til om du ikkje får tak i billett. Revybillettar blir selde frå kl. 18:00 (kontant) og billettar til dansen (kontant) blir selde frå kl. 20:00. Alle billettar blir selde ved hovudinngangen til Bokn Arena. Det blir kortterminal til øl- og vinsalet. 

Lydmann Jocky Levang og lysmann Henrik Nilssen er klare.

 

Kva har Kaj Arne Christiansen og resten av revylaget funne på denne gong?

Sjå programmet her (PDF, 2 MB)

Følg også opningsdagen på kommunens Facebook.side.