Dagsturhytta i Bokn treng eit namn!

Dagsturhytta i Masfjorden kommune. - Klikk for stort bileteDagsturhytta i Masfjorden kommune. Frank Kvinge/Masfjorden kommune  Dagsturhytta som er vedteke skal etablerast i Bokn kommune, treng eit namn! Namneforslagsskjema i artikkelen, med Innsendingsfrist: 16.12 kl. 10.

Bokn kommune får si dagsturhytte ut på nyåret i 2022. Dagsturhytta blir etablert og finansiert i eit samarbeid med Sparebankstiftelsen SR-bank, Rogaland Fylkeskommune og spelemiddel frå Norsk tipping. Føremålet med dagsturhytter i kommunane er eit folkehelsetiltak for å få fleire innbyggarar ut på tur og oftare ut på tur. Dette vil vere ein plass du kan gå til og ete nista di, lese i bøkene som er plasserte der, eller berre slappe av.

Den raude pila peikar på staden der hytta kjem. - Klikk for stort bilete
Utsikt frå hyttestaden. - Klikk for stort bilete

Namneforslagsskjema

Premie

Arbeidsgruppa for dagsturhytta i kommunen (som består av representantar frå frivillige lag og organisasjonar, politikarar og administrasjonen i kommunen) vil så avgi sine stemmer på alle forslaga som er komne inn. Innsendaren av forslaget som vinn namnekonkurransen blir premiert med eit gåverkort på Sjøbris kafe.

Vinnaren blir offentleggjort 22. desember.