Dagsturhytta - namneforslag

Utsyn frå der kor hytta kjem. - Klikk for stort bileteUtsyn frå der kor hytta kjem. Ingrid Sofie Rundhaug 56 forslag har blitt til 7. Du kan vera med og stemma blant desse, med frist sundag 23. januar kl. 23:00.

Rett før jul ba me om namneforslag til Bokn kommune si dagsturhytte som skal settast opp i Kongshamn. Arbeidsgruppa for prosjektet skulle deretter stemma over forslaga som kom inn, og kåra ein vinnar.

Stort engasjement

Men så lett var det ikkje, for her var engasjementet stort. Det kom inn heile 56 ulike forslag på namn på hytta. Ei avstemming i arbeidsgruppa gjorde at det nå står 7 forslag att.

Nå treng me hjelp av deg. Stem på din favoritt av desse 7 så hytta får eit namn.

Frist for å stemma er sundag 23. januar kl. 23:00.

Stem her