Digital TV-aksjon

Kommunekomitéen 2020, fv. ordførar Osmund Våga, underteikna og Bianca Alvestad er klare til innsats! Jorunn B. Eia TV-aksjonen NRK 18. oktober 2020 (TVA) vil bli digital, men det vil bli fysisk bøsse på Coop'en. Skulebasaren blir også digital. Årets tema er Reint hav utan søppel.

Med felles strandryddedagar og mange private ryddeaksjonar i kommunen dei siste fire åra, har boknarane eit bevisst forhold til marin forsøpling. I tillegg har Bokn i ei årrekke vore blant dei mest gåvmilde kommunane i landet. Me håpar det same skjer i år, sjølv om innsamlinga er digital.

Bli digital bøsseberar!

Kommunekomiteen oppfordrar folk til å bli digitale bøsseberarar, noko som er minst like enkelt som å vera fysisk bøsseberar. For meir informasjon og registrering:

Digital bøsseberar

5. oktober blir dei digitale bøssene opna for innsamling, og betalinga skjer med Vipps eller bankkort. Givarar kan velja å registrera namnet sitt eller vera anonyme. Den digitale bøsseberaren kan heile tida følga med på kor mykje pengar som er på bøssa.

Tema: Reint hav utan søppel

Åtte millionar tonn plast hamnar i havet kvart år og truar både dyr og menneske. Ein tredjedel av plasten i havet kjem frå Sørøst-Asia. Derfor er TV-aksjonsmidlane øyremerka tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand. Der skal nye avfallssystem etablerast og eksisterande forbetrast, for meir enn 900 000 menneske.

Digital skulebasar

Den tradisjonelle skulebasaren i samband med TVA blir også digital. Det kjem meir informasjon om dette seinare, men det som er klart at datoen blir 16. oktober. Det blir trekning kl. 11:30, slik det er kvart år – men i år blir trekninga på kommunen sine facebooksider.

Spleis

Alle kan også starta eigne innsamlingsaktivitetar som såkalla spleis’ar. Desse går rett inn til TVA. Meir informasjon:

Spleis

Det går rykter om sprelske aktivitetar i samband med Spleis – det er berre å følga med framover.

Fysisk bøsse på butikken

Me har også ei løysing for dei som er usikre på digitale bidrag, og som ønsker å gi kontantar oppi ei bøsse. TVA og Coop Prix Bokn har gitt oss løyve til å ha ei bøsse på butikken i aksjonsveka, 12. til 17. oktober. Dette bøssebeløpet vil bli registrert som ei gåve under tittelen «Fysisk bøsse».

Gåver

Som vanleg kan næringsliv, organisasjonar, skular, barnehagar, kyrkjer, trussamfunn og kommunar gi gåver til aksjonen.

Givarstafett

Formannskapet har gitt 45 kr. pr. innbyggar og Bokn er på topp!:

Bokn på topp! Skjermdump frå blimed.no