Digitalisering komplett

Samtlege utgåver av Bokn Bygdablad 1985 - 2016 er nå tilgjengelege i Arkiv Bygdabladet.

Bildet viser samtlege papirutgåver på Bokn bibliotek. - Klikk for stort bileteSamtlege papirutgåver på Bokn bibliotek. Jardar Havikbotn

Det er ei glede å meddela at den digitale tillrettelegginga av Bokn Bygdablad, som starta i 2020, nå er fullført.

Årgangane 1997 - 2005 er nettopp lagde inn, og dermed har fastbuande og utflytta boknarar, historikarar og andre interesserte, enkel tilgang til lokalhistoria på Bokn 1985 - 2016.

Les også:

Bygdablad-arkiv

Digitale bygdablad

Så nå er det berre å kosa seg og mimra i over 30 år med bygdablad. Her finn du garantert noko du vil fryda deg over, irritera deg over, og kanskje både le og grina over.

Fysisk samling på biblioteket

Likar du best å halda i eit blad og sjå i det? Biblioteket har samtlege utgåver. Desse kan du ikkje låna med deg heim, men du kan bla i dei når du er på biblioteket.

Direktelenke til Arkiv Bygdabladet