EG SEIE MEG SÅ

Den tredje boka i oppfylginga av Bokn kommune sin kulturminneplan er klar for sal.

Bilde av forfattar Birger Lindanger og illustratør Malin Taraldlien som har all grunn til å vera stolte av den nye boka. - Klikk for stort bileteBoknatun 13.08.24: Forfattar Birger Lindanger og illustratør Malin Taraldlien har all grunn til å vera stolte av den nye boka. Jardar Havikbotn

Me som har jobba med boka, har allereie fått fleire gode tilbakemeldingar for innhald og presentasjon – ikkje minst på Malin Taraldlien sine flotte og treffande teikningar, med ein humoristisk snert.

Ord og uttrykk

Denne gongen handlar det om ord og uttrykk frå Bokn. Grunnlaget for boka er Bokn Bygdablad-serien “Eg seie meg så” (2010 – 1016).

Immateriell kulturarv (levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap som blir overført mellom folk) står i sentrum av EG SEIE MEG SÅ. I publikasjonen finn du over eit halvt tusen ord og uttrykk, og samlinga vil nok få fleire bruksområde, med ordbok og quizbok som sentrale stikkord.

Boknsk for vidarekomne

Her blir lesaren utfordra, då ein del av illustrasjonstekstane ikkje utan vidare er enkle å forstå. Bakerst i boka står forklaringar, men lesaren kan også finna det ut sjølv ved å bla i ordlista.

To døme på slike setningar:

Lagalyren fatta pygen då han fant et pådådel av ein peigfod i ilådet.

Då gjømånen lyste grauden, åd eg vom øve rygg og fekk bamlå!

Bilde av bokomslaget. - Klikk for stort bileteBokomslag Jardar Havikbotn

Halvparten av sidene i trykksaken inneheld også tekstboksar der dei gamle orda er innbakte i ein setning, og forklaringa er plassert i setning under.

Illustrasjonane er også ei oppleving i seg sjølv, så her kan lesarane bruka EG SEIE MEG SÅ på fleire måtar – og ho passar for folk i alle aldrar.

I sal frå 15. august

Som for bøkene SKA SEI! og TUSEN ÅR PÅ KYRKJEHAUGEN kostar boka 250 kr. Du får kjøpt ho på Boknatun eller på Bokn bibliotek frå veke 35. 

Ho er også for sal hjå Rogaland Historielag frå i morgon, torsdag 15. august.