Ei fantastisk oppleving!

Frå Hanne Kroghs julekonsert, Vår frelsers kirke 09.12.19. Kjetil E. Hamre Boknakoret/Aksang og ikkje minst publikum fekk ei utruleg fin adventsstund i Vår Frelsers kirke 9. desember.

- Eg er utruleg takknemleg for at me fekk vera med og oppleva dette, sa dirigent for Boknakoret/Aksang etter konserten.

- Det er fantastisk å få jobba med profesjonelle artistar og musikarar. For eit stjernelag dei er! Og med sjølvaste julestjerna sjøl. Og lyd og lys og alt. Det er litt av ein produksjon, og litt av ei oppleving!

Jubileum

Hanne & Tre Tenorer markerte 10 års jubileum. Med originalbesetninga frå starten i 2009 inneheldt konserten dei største og flottaste høgdepunkta fra julekonsertane dei siste ti åra. Det må det bli suksess av! Thomas Ruud og Nessun Dorma er ein sikker vinnar. Nils Harald Sødal gjorde ein nydeleg versjon av Mitt Hjerte Alltid Vanker. Av stjernetenorane gjorde Marius Roth Christensen mest inntrykk på underteikna, med sine versjonar av Walking In The Air og You’ll Never Walk Alone.

Med på laget var den nye stjerneskotet Anna-Lisa Kumoji. Ho krydra konserten med m.a. mektige versjonar av Circle Of Life og Silent Night. Ho strålte også då ho var med i ein swingande julemedley med Hanne Kroghs amerikanske julefavorittar.

Hjarteleg til stades

Som vanleg skein julestjerna Hanne Krogh sterkt. Ein klokkeklar og varm formidling av julas budskap, slik berre ho kan utføra det, var hjarteleg til stades – som t.d. i diktet  Spelledåsen av Alf Prøysen, som gjekk over i ein a cappella-versjon av Romjulsdrøm.

Mange fekk skikkeleg julestemning når ho song Sonjas Sang Til Julestjernen. Songen frå filmen Reisen til julestjernen er alltid med - og må alltid vera med - eit rørande augeblikk!

Har aldri vore betre

Boknakoret/Aksang gjorde ein strålande jobb. Dei har tatt nye steg og har aldri vore betre! Mange intensive og godt planlagde øvingar saman med dirigent Anne Tove Øvrebø og repetitør/pianist Lars Johannes Liknes, og ikkje minst heimeøvingar gjer sjølvsagt susen.

Eit sikkert teikn på god forbereding og tryggleik rundt eit innøvd repertoar er at alle notemapper er borte, slik at kormedlemmene kan konsentrera seg om dirigenten og om å plassera seg i lydbildet saman med dei andre utøvarane. Bravo Boknakoret/Aksang!

Energien frå eit entusiastisk publikum i ei fullsett kyrkje med kapasitet på 1 050 stk., og frå profesjonelle artistar og musikarar, smitta over på koret. Og sjølvsagt formidlingsgleda og energien frå ein dansande dirigent. Underteikna har høyrt koret mykje, men aldri før høyrt dei så gode og sett så mange smil i fornøgde fjes. Dei var med og skapte gåsehudfaktor under heile konserten. Prestasjonane på Drummer Boy, Circle Of Life, Go Tell It On The Mountain, Carol Of The Bells, Mitt Hjerte Alltid Vanker, You’ll Never Walk Alone og Gloria var ekstra flotte.

- Eg er så kry og stolt over koret - over alt dei gav og over det dei leverte! Det er så herleg og godt å sjå at dei kosar seg og at dei har glede i songen og det dei er med på. Eg får ein enorm energi av dei, sa Anne Tove Øvrebø etter den fantastiske adventsstunda.

Dyktige musikarar

Glitrande tonefølge sørga kapellmeister Stein Austrud for, med sine keyboards, perkusjon, m.m. Han hadde med seg Tarjei Nysted på fiolinar, m.m. og sveibuen Stig Espen Hundsnes på trompetar, m.m. Dei hadde også eit flott instrumentalt barokk-innslag i programmet.

Dei var med og gjorde kvelden til ei mektig og minnerik oppleving!

Glimt frå hendinga, foto: Kjetil E. Hamre