Eit foto og ei historie

Sommaren 1953 tok Fjellanger Widerøe eit flyfoto av Føresvik og Sjøhusholmen. Her får du ei interessant bildehistorie av historikar Birger Lindanger, på bakgrunn av at bygningane til Bokn Plast har blitt rivne den siste månaden.

Bildet viser Føresvik og Sjøhusholmen, sommaren 1953. - Klikk for stort bileteFøresvik og Sjøhusholmen, sommaren 1953. Fjellanger Widerøe

 


Heilt til venstre er våningshuset til sjømannen Peder og Elida Ellingsen, eit hus som vart reist i 1918. Til høgre for dette huset finn me huset til Mikal og Berta Våge. Også dette vart reist i 1918. 

Bokn Handelslag og sildesalteri

Straks nedanfor ligg stabburet Mons Larsen sette opp midt på 1800-talet. Vidare mot høgre fylgjer bygget til Bokn Handelslag reist sist på 1700-talet. Dinest fylgjer sjøhuset som då det vart reist som sildesalteri midt på 1800-talet av Mons Larsen, var eit av Rogalands største. 

Hermetikkfabrikk og røykeri

Etter at sildesaltinga vart avvikla kring 1900, vart det i 1912 i staden lagt om til hermetikkfabrikk i bygget. Samstundes vart det straks aust for sjøhuset reist eit røykeri for brisling. Frå starten hadde fabrikken 35 tilsette. Av dei var 22 kvinner og 13 menn. Generelt kan det seiast at fabrikken trekte ungdom til bygda. Hermetikkfabrikken heitte frå starten Føresvik Canning co.

Norena og nytt betongbygg

I 1941 kjøpte Bergen Preserving fabrikken som då vart omdøypt til Norena. Kring 1950 vart anlegget utvida med det store betongbygget straks aust for sjøhuset og røykeriet Fabrikken var den største arbeidsplassen til inn i 1960-åra då verksemda slakna av. I juni 1969 vart drifta endeleg lagt ned. 

Aakrehavn Sildoljefabrikk og Bokn Plast

Alt hausten 1969 fekk kommunen kontakt med Tinney Rasmussen ved Aakrehavn Sildoljefabrikk på Åkra. 29. mai 1970 kjøpte så dette firmaet bygningane på til saman 812 kvadratmeter for produksjon av septiktankar av glasfiber og polyester. 

I 1990-åra tok Bokn Plast også i aukande grad oppdrag for oljeindustrien. Sidan var dette den største arbeidsplassen i Bokn til 2024 då betongbygningane vart rivne. 

Meieri og post- og telefonbygg

Det gamle sildesalteriet vart rive alt kring 1978. Nord for desse bygningane skimtar me meieriet frå 1920-åra og til høgre for det post- og telefonbygget frå 1906. 


Neste veke kjem ein artikkel med 175 års næringlivslivshistorie på Sjøhusholmen, som med rivinga av Bokn Plast nå er slutt.