El-billading i Bokn

Bokn kommune har fått nytt anlegg for el-billading med betalingsløysing.

Bildet viser at ordførar Osmund Våga og kommunedirektør Ingeborg Skjølingstad testar det nye anlegget. - Klikk for stort bileteOrdførar Osmund Våga og kommunedirektør Ingeborg Skjølingstad testar det nye anlegget. Jardar Havikbotn

8 ladestasjonar er monterte på parkeringsplassen ved biblioteket. Selskapet Plugpay vil sørga for administrering av anlegget og betalingsløysing.

Enkel og problemfri ladeoppleving

  • Det heng ei enkel rettleiing på ladestolpen.
  • Start ladinga raskt med QR kode, og ved å bruka Vipps eller bankkort.
  • Ikkje behov for registrering eller abonnement, berre ein rask og enkel betalingsprosess.