Else i 100!

Jardar Havikbotn

Ein sprek hundreåring inviterte til open dag på bursdagen sin, 7. mars.

Ein frisk og rask hundreåring og ordførar Osmund Våga. - Klikk for stort bileteEin frisk og rask hundreåring og ordførar Osmund Våga. Jardar Havikbotn

Både ved Boknatun og Bokn Arena var flagga heiste på den store dagen. Hundreårsfeiring er ikkje kvardagskost på Bokn. Ordførar Osmund Våga hadde med seg kake og blomar frå Bokn kommune. Då hadde hovudpersonen nettopp kome til eit flott pynta lokale i Bokn Arena, 2. etg. - med bestemte skritt bak gåstolen, i eit upåklageleg tempo. Dagen før hadde dei hatt familieselskap i det same lokalet.

 

Her var m.a. ei gruppe frå Danmark, med fleire søskenbarn av jubilanten. Ein gjeng gamle arbeidskollegaer av Else Amalie Nilssen ville også gratulera henne med dagen - og fleire kom etter kvart.

Ordførarhelsing

I talen sin sa ordføraren at ho har gjort ein imponerande innsats og hatt stor betydning for Bokn. Ho blei kjend som "Søster Else" og var godt likt av alle, både som sjukepleiar, jordmor og i mangel av lege; ein slags reservelege når det var behov for det. Då Bokn fekk fleire tilsette i helsesektoren, var ho den første sjefen på sjukeheimen.

Sjå alltid lyst på livet

Ofte har hundreåringar gode svar på kvifor dei når ein slik høg alder. Då det var litt vanskeleg å få nokre ord med Else på merkedagen, spurde eg ein av sønene, Helge Kristian. Han kunne fortella at her var det ikkje noko spesielt med kosthald, eller noko slikt. Her var det eit kontinuerleg optimistisk syn på ting i livet. Så då veit alle kva dei skal gjera.

Gratulerer med 100 årsdagen!

Fleire glimt frå dagen: