Endring på dei kommunale nettsidene

bygdabladet.no blir borte frå internett.

Bokn kommunestyre vedtok 13. desember i fjor å legga ned Bokn Bygdablad frå 1. jan. 2017. bygdabladet.no blir borte frå internett. 

Bladet vil bli erstatta med informasjon og reportasjar på Bokn kommune sine nettsider, samt informasjon på informasjonsskjermer i ulike bygg i kommunen. Døme på slik info og reportasje er Oppstart av Gla`trimmen og Heidring av bygdaboknemnda.
 

bygdabladet.no

Bladet si nettside blir borte frå internett samtidig som denne informasjonen blir publisert. Noko av innhaldet frå gamle bygdabladet.no, som t.d. samlingar av film og bilder og eldre nyhende, blir lagt under Kultur på bokn.kommune.no. Domenet bygdabladet.no vil ikkje lenger bli brukt i kommunal regi, men vil inntil vidare bli i kommunal eige. E-posten post@bygdabladet.no vil heller ikkje lenger vera funksjonell.
 

PDF

Abonnementsordningane er borte, også på PDF-versjonane - som blei laga då bladene var i trykken. Framtidige artiklar og reportasjar på bokn.kommune.no vil heller ikkje bli abonnementsbaserte. Stoff som var typisk for Bokn Bygdablad, som t.d. knappane Gratulerer og Blogg, såkalla «kosestoff», portrettintervju m.m. som var resultat av oppsøkande journalistverksemd, vil ikkje lenger bli produsert.
 
Ei avvikling fører naturleg med seg ein reduksjon av stoff, men ivrige lesarar av bokn.kommune.no og kommunen si Facebook-side vil ikkje merka dei store visuelle forandringane, heller ei endring i kva type stoff som blir lagt ut.