Fakturadistribusjon - Feil mottakar av faktura?

Skjermbilde fråKommunen har nå gått over til digital utsending av faktura/automatisert fakturadistribusjon.

Du kan lese meir om det her: 

Bokn kommune digitaliserer utsending av faktura - Bokn kommune

Kven avgjer korleis ein faktura blir distribuert?

Kommunen som fakturautstedar kan ikkje påverke korleis kunden får fakturaen, dette styrer kunden sjølv. Fakturasystemet gjer eit oppslag mot dei ulike betalingskanalane i ei prioritert rekkjefølge, og sender fakturaen i den første prioriterte kanalen den får treff i. Rekkjefølgja er:

  1. Avtalegiro
  2. eFaktura
  3. Faktura via Vipps
  4. Faktura i Digipost/eBoks
  5. Faktura som vedlegg i e-post
  6. Faktura levert som blankett i postkassen

Etter innføringa av løysinga har endå fleire av kundane våre fått faktura levert som eFaktura direkte i nettbanken sin og talet på mottakarar av faktura på papir er meir enn halvvert. Det er effektivt for kommunen, og (som regel) veldig bra for kunden.

Feil mottakar av faktura?

Etter utsending av faktura med ny løysing for fakturadistribusjon, har me fått nokre spørsmål/tilbakemeldingar om situasjonar der ein har mottatt faktura som tilhøyrer andre personar. Normalt er dette situasjonar der ein har mottatt faktura til sambuar/ektefelle/foreldre etc i sin nettbank.

Kvifor skjer dette?

Dette oppstår når ein tidlegare har betalt faktura på vegne av andre.

Bankane har innført ei ordning som heiter «ja takk til alle» i forbindelse med eFaktura og Vipps. Har ein valgt «Ja takk til alle» og skal betale din eller andre sin faktura, vil du automatisk inngå ein eFaktura avtale med dei leverandørane som tilbyr eFaktura. Neste gong leverandøren sender ut faktura, så kjem det som eFaktura i din nettbank.

Dette er normalt ikkje eit problem om ein kun betaler sine eigne faktura. Men, dersom du betaler andre sine faktura (ektefelle/sambuar/foreldre etc), vil du kunne bli registert som eFaktura avtaleeigar for personen du betalar for, og du vil då stå som mottakar for framtidige eFaktura frå leverandøren.

Ein slik avtale vil vere aktiv i nettbanken inntil du sjølv avsluttar han.

Kan kommunen avslutte denne avtalen eller overstyre ved utsending?

Nei, dessverre. Dette er ein avtale inngått av deg med banken din.

Korleis løyser du dette?

Du må enten ringe banken din, eller ordne det via nettbanken din ved å slette betalingsavtalen som er feil (det hjelper ikkje å berre slette sjølve fakturaen/rekninga). Om du også mottar eigne faktura frå kommunen er det viktig at du ikkje slettar din eigen avtale, men den som blei automatisk oppretta som du ikkje skal/vil ha.