Fantastisk!

Bokn skule får 17. oktober besøk av, som ein av fem skular i heile landet, årets TV-aksjon-skuleturne i NRK og Røde Kors sin regi.

Foto: Danseglade ungdomsskuleelevar med lærar Anita Dagsland er strålande fornøgde med scenen i Bokn Arena.

Det er fantastisk at NRK TV-aksjonen og Røde Kors kjem til Bokn skule med årets skuleturne. Det er også fantastisk at me nå har fått Bokn Arena, der me m.a på sekundar kan laga glimrande lyd og flott lysshow. Og ikkje minst kan tilby den landsomreisande turneen Haugalandets største fastmonterte scenerigg.

Mange har gjort mykje rett

Slik underteikna kunne gjera i føremiddag, då danseklare ungdomsskuleelevar med lærar Anita Dagsland gjekk rett opp på scenen og kunne begynna øvinga til showet som dei skal vera med på når besøket kjem den 17. Effektivitet og imponerte og strålande fornøgde elevar og lærar nokre dagar etter opninga vitnar om at mange personar har gjort mykje rett i arbeidet med den nye storstova. 

Full konsentrasjon

Blir lagt merke til

Rektor Wenche L. Havikbotn fortel at Bokn skule får besøk av turneen pga. at kommunen lenge har vore blant Noregs mest gavmilde, ikkje minst pga. dei solide skulebasarane, som i år blir fredag 21. oktober. Ordførar Tormod Våga vil vera med, både måndag og fredag i aksjonsveka.

Rektor seier at turneen vil vera saman med dei heile skuledagen. Sjølve showet varar i ca. ein time, og det vil bli song, dans og læring via leik og konkurransar. Programleiar er den norsk-vietnamesisk musikkartisten og programleiaren Phung Hang, m.a. kjent frå spørjeleikprogrammet Superkviss i TV-kanalen NRK Super.

Me håpar å få sjå frå showet på fjernsynet på aksjonsdagen sundag 23. oktober 

Ramma av krig og konflikt

I år går TV-aksjonen til Røde kors og deira arbeid for dei sivile som blir ramma i krig og konflikt. Over to millionar menneske vil få livsviktig hjelp, og TV-aksjonen er verdas største dugnad.

TV-aksjonsbanner