Fasteaksjonen

Logo, Fasteaksjonen 2020 Kirkens Nødhjelp Dette året vart pengane samla inn via nett/VIPPS: kr.10.380. Det førte til lågare inntekt enn tidlegare år når konfirmantane har gått frå dør til dør (i fjor 17.584).

Palmesøndag kom det også inn kr. 700 til VIPPS nr 88450 som er offer via Bokn kyrkje.

Eg såg på oversikten for Rogaland. Dersom innkomen sum vert delt på innbyggjarane i kommunen, vert det 12 kr pr person. Dette er plass nr. 2 i Rogaland.

Tusen takk for alle gåver til eit veldig viktig arbeid i denne tida.

Jan Magne Moi