Fekk pengar til lavvo

Til stor applaus delte Sparebanken Vest ut 50 000 kr til barnehagen, på sommarfesten deira 6. juni.

Bildet viser leiar i SU Bokn barnehage, Rakel Alvestad med ungane Sølve og Bjørg, barnehagestyrar Kate Åse Helgø og Lene O. Foss frå Sparebanken Vest. - Klikk for stort bileteStor glede: Fv. Leiar i SU Bokn barnehage, Rakel Alvestad med ungane Sølve og Bjørg, barnehagestyrar Kate Åse Helgø og Lene O. Foss frå Sparebanken Vest. Sigfrid Skogland Kristjansdottir

På vegne av SU Bokn barnehage søkte styrar Kate Åse Helgø om midlar, og gleda var stor då dei fekk 50 000 kr til prosjektet, som inneber at det skal settast opp ein trelavvo med grillgruve.

Arbeidet har pågått i fleire år. Staden er ikkje endeleg bestemt.