Som i fjor hadde inngangen til biblioteket fått raud løpar med faklar, og dei besøkande fekk testa kjensla av å gjera filmstjerneentré. Inne var det ikkje berre pynta til filmfestival. Det var også fleire teddybjørnar rundt omkring i rommet som ønskte velkommen, og fleire og fleire blei det etter kvart som unge og forventningsfulle menneske kom med sine.
«Teddybjørnens jul»
Filmen mange ville sjå denne kvelden var nemleg den nye «Teddybjørnens jul», frå Alf Prøysen sitt eventyrlege univers. Og sjølvsagt var det songen «Teddybjørnens vise» som svirra rundt i høgtalaren, omgitt av luktene frå gløgg, peparkaker og nypoppa popcorn. Sal av julebrus var det også.
Fargeblyantane fekk køyrd seg ved ungane sitt aktivitetsbord, og praten mellom dei vaksne gjekk livleg. Ordførarbesøk kom også på besøk. Som i fjor blei det folksamt på biblioteket, med totalt rundt 80 personar. Vinnaren av to gratisbillettar, Anita Syversen Are fekk gevinsten i eit Bokn bibliotek-nett. Og jammen hadde det ikkje lurt seg ein pose med Bamsemums oppi også.
Les også:
Filmfestivalstemning 2021
Litt redusert
Festivalen hadde lagt opp til to Alf Prøysen eventyrstunder og animasjonsverkstader for barnehagebarn på føremiddagen. Desse måtte dessverre gå ut av programmet på grunn av sjukdom.
75 betalande så «Teddybjørnens jul». Den andre filmen, «Rose» hadde hausta gode omtalar, men fekk berre besøk av 5 stk.
Begge filmane blei introduserte av festivalsjef Tonje Hardersen. Både ho og administrativ leiar, Nina Samdal var godt nøgde med minifestivalen, og ønskte på gjensyn til neste år – me gler oss allereie!
Glimt frå kvelden: