Niandeklassingane Ove B. Christiansen, Truls Foss og William Kro står bak EB Vedkongane, som har halde på i rundt 1,5 år. Dei sel opptenningsved i buntar.
-Idéen fekk me då me hjelpte barneskulen med å saga ned tre aust før skulen. Nå får me litt ved frå bønder som har skoga, seier Truls.
Ove fortel at dei held til hjå mormora hans; Signe Berge.
-Me set stor pris på at me får vera der, seier han.
William opplyser om at det berre tar fem minutt å laga ein bunt med opptenningsved. Dei brukar vedkløyvar og -hammar.
-Me har godt verktøy, skyt Ove inn.
Dei er veldig glade for den inspirerande prisen dei fekk i fylkesmesterskapet. Premien var 1 000 kr. Truls, som er rekneskapsførar, fortel at det dei tener brukar dei til nytt utstyr, eller fordeler seg imellom.
-Me har heller ingen utgifter, seier han lurt.
Har vedkongane nye planar?
-Me får sjå, kjem det frå Ove. Tennbrikettar hadde vore kult å prøvd seg på.
Dei er usikre om dei kan halda fram med bedrifta når dei begynner på vidaregåande skule.
-Det vil visa seg kva me får tid til - me tar det som det kjem, avsluttar William.
Gratulerer med prisen!