Flink uteseksjon

Teknisk seksjon har nok å gjera i fellesferien, ny plen i barnehagen og rehabilitering av ballbingen er blant tinga på arbeidslista.

Plenlegging med eit smil: Fv. Dominik Slodkowski, Andreas Hatlem, Arild Ognøy og Kjell Arne Valentinsen. Malcolm Palmer var ikkje til stades då bildet blei tatt.Preben Våga i aksjon med malarkosten.Ballbingen frå 2009 blir sett i stand.

- Jippi, nå får me gras!, var ein av gledeskommentarane frå barnehagebarna.

Og det gjekk unna. Ferdigplen er nemleg ferskvare og Teknisk stilte talrike opp for å få han på plass. Vaktmeister Arild Ognøy hadde fått med seg Dominik Slodkowski, Malcolm Palmer, Kjell Arne Valentinsen og sommarhjelp frå ungdomsskulen, kommande tiandeklassing Andreas Hatlem. På andre sida av fotballbanen stod ein annan av haustens avgangselevar, Preben Våga, og beisa ballbingen.

Klar om 2-3 veker

Det 100 m2 store området det blei lagt gras på, er eit område med stor trafikk. Difor valde Teknisk å legga ferdigplen i staden for å så på eit stykke som aldri hadde fått fred til å gro. Nå blir utfordringa å halda barna borte frå det nye grøntarealet i barnehagen i 2-3 veker. Då skal plenen vera klar til bruk.

Mykje brukt ballbinge

Ballbingen ved Bokn IL sitt klubbhus blei bygd i 2008/2009 og opna 17. mai 2009. Han har blitt svært mykje brukt, og godt er det. Som følge av dette har han tidleg blitt moden for rehabilitering, litt før "det som er vanleg". Kommunen kan ikkje søka om rehabiliteringsmidlar før bingen er 10 år i 2019.

Attføring

Men når sikkerheita blir trua må ein ta affære, og istandsettinga av bingen har periodevis pågått sidan i vår, då bingen måtte stengast ei kort stund. Men dei siste 14 dagane har det blitt gjort mykje. Det er skifta ein del kledning/rekke, måla er pussa og malte og nokre av stolpane er retta opp. Nye vaierar og nett, både til mål- og fangnett, er innkjøpte og klare til montering. Kunstgraset blir også sannsynlegvis skifta i år, og bingen vil framstå som ny igjen.