Flinke skuleelevar 2!

Gjengen samla i Kråkevågen, 16.09.21 - Klikk for stort bileteGjengen samla i Kråkevågen, 16.09.21 Anne Lisabeth Jøsang Strandryddeveka held fram. Torsdag 16. september var ungdomsskuleelevar i Kråkevågen og rydda.

Inspektør Anne Lisabeth Jøsang, som også er bussjåfør, fylte opp kommunebussen med elevar i valfaga "Innsats for andre" og "Friluftsliv" og parkerte ved Kråkevågen. Med var også lærar Birte Skjold.

Langs vågen blei storsekken halvfull på 1,5 timar. Dei kunne rapportera om mykje smått, både plast og nett. Elevane jobba godt og fekk tatt ein god del!

Desse var med:

Thea, Tuva, Henrik, Trym, Stian, Anna, Anders og Naol frå 10. kl., Ole Magnus frå 9. kl. og åttandeklassingane Magne, Noah, Emilia, Thea, Andreas og Jarl.

(Joakim Øvrebø var med som gjest/ekstra hjelp☺️)

Glimt frå økta:

 

Les også

Flinke skuleelevar!

Flinke speidarar!

Bli med!

Vil du vera med på strandryddeveka? Det står containerar fire stader i Bokn; Tåganes, Føresvik, Alvestadkroken og Hognaland - klare til å fyllast opp med marint avfall. Det ligg også sekkar og hanskar ved containerane.

Storsekkar og ellers alt av ryddeutstyr får du på kulturkontoret.

Dei som registrerer seg i eventet, er med i trekninga om T-skjorter og buffers.