Flott nasjonaldagsfeiring

Årets 17. mai i Bokn blei både innhaldsrik og minnerik. Sjå over 100 bilde frå dagen.

Bildet er frå 17. mai 2023 i Bokn. - Klikk for stort bileteVinden tok godt tak i flagga. Marie Vågshaug

Bokn idrettslag hadde frukosttilbod i klubbhuset sitt, der folk kunne senka skuldrene litt før sjølve dagen starta. Dei hadde ope til kl. 11, og folk kunne gå rett over i nabobygget og finna seg ein plass i hallen.

Nye tradisjonar

Frisk og kald nordavind førte nok til at den fjerde båtkonvoien halverte deltakartalet sitt frå i fjor. Likevel var 17. mai-komitéen på plass på Boknasundbrua og sende varme helsingar til båtane. Augustin Thuestad blei plukka ut som innehavar av den best pynta båten, og fekk eit gåvekort hos Rogaland Marine på kr 1 000.

Det var også fjerde gong kransenedlegginga til minne om dei som er komne bort på havet, gjekk føre seg rett etter gudstenesta. Ei messinggruppe, som Lillian Grønnestad hadde tatt initiativ til, sørga for at «Ja, vi elsker» ikkje blei spelt gjennom høgtalaren i år.

Bildet er frå 17. mai 2023 i Bokn. - Klikk for stort bileteKlare korpsmusikantar: Rett før kransenedlegginga. Jardar Havikbotn

Kaj Arne og Ove Christiansen var med på trommer. Det var dei også då messinggruppa spelte under den tradisjonelle togstoppen framfor sjukestova og til allsong på scenen i Bokn Arena. Mange har etter 17. mai fortalt kor glade dei blei over å høyra korpsmusikk på nasjonaldagen, og håpar at musikkorpset snart kjem i organiserte former igjen, med mellom anna fast dirigent.

Toget

Under marsjeringa blei nemnde trommeslagarar supplerte med Lars Øyvind Alvestad, Eskil Bokneberg og Tomas Alvestad. Gruppa sørga for taktfast godlyd frå byrjing til slutt.

Som vanleg hadde komitéen folk i toget som følgde ekstra godt med på kven som lagde mest liv. Som i fjor gjekk småskulen av med sigeren, og dei kan venta seg noko kjekt i premie.

Programmet i hallen

Komitéleiar Egil Våge batt, på ein framifrå måte, saman eit innhaldsrikt program, der Cheerleading for første gong stod på programmet. I og med at Hall-nord ikkje er møblert på nasjonaldagen, kunne fire boknajenter frå Haugaland Cheerleadingklubb boltra seg i flott minishow.

Bildet er frå 17. mai 2023 i Bokn. - Klikk for stort bileteCheerleadingsinnslag: Veslemøy Våga på hendene til Helle Løvereide Faye, Lovise Røsdal Lund og Maria Duran Silva. Jardar Havikbotn

Før det hadde korpsgruppa spelt til allsong, Maria Duran Silva og Ørjan Oliversen frå 9. kl. halde ein god appell, og Harald Dale framført årets festtale. Den flotte talen til den kjende radiomannen var godt forberedt, og var krydra med sitat frå samtalar han hadde hatt med boknarar under eit besøk på Vardafjellet tidlegare i vår.
Harald Dale kjem igjen til hausten. Då skal han vera møteleiar på eit folkemøte i valkampinnspurten til hausten kommuneval.

Lene Ognøy Foss representerte Sparebanken Vest og kunne dela ut midlar til Bokn Gatebilklubb (10 000 kr), Bokn Sau og Geit (10 000 kr), FAU, Bokn skule (10 000 kr) og Bokn Skyttarlag (50 000 kr).

Kjende og kjære underhaldningsinnslag slutta av sceneøkta. Det er alltid kjekt å sjå Bokn seniordans. Songtrioen (Oddrun Nilssen, Venevil Birkelund og May Jorunn Vatnaland) hadde denne gongen med seg enno fleire enn dei pleier. I tillegg til Haakon Sletten og Sigmund Grønnestad, var også Per Helge Sunde, Lillian Grønnestad og Runar Alvestad med, og plutseleg var trioen blitt ein oktett.

Leik og moro

Både før og under programmet i hallen starta ulike aktivitetar opp både inne og ute. Nytt i år var at informasjon om dette stod i 17. mai-programmet og på infoskjermane i begge etasjar.

Bildet er frå 17. mai 2023 i Bokn. - Klikk for stort bileteTap med godt humør: Fv. Albert Lindanger, Ole Christian Hervik-Aksdal, Henrik Ognøy Våge, Magne Røsdal Lund og Anna Larsen. Jardar Havikbotn

Mot slutten av feiringa i Bokns storstove, var det duka for badmintonkamp mellom 17. mai-komitéen (Forvaltningsstyret) og Ungdomsrådet. Lydmeister for dagen, Wolfgang B. Ognøy frå Kystvind var speaker. Ove B. Christiansen hjelpte til med å halda styr på poengfordelinga.

Sjølv om Ungdomsrådet hadde fordelen av å bytta innpå ein person, var det 17. mai-komitéen som vann den tette kampen. Dei hadde også banens beste spelar; Bjarne Nedrebø.

Etterpå hadde komitéleiar, Egil Våge dette å seia om årets feiring:

- Ei tradisjonell, men kjekk feiring av nasjonaldagen, som starta friskt på brua med båtkonvoi, fortsatte i kyrkja og deretter 17. mai-tog i frisk vind til sjukestova. Og så til Arenaen der festen fortsatte med program og leikar.

Takk til korpsgruppa og samarbeidspartnarane som var med og gjorde nasjonaldagen til ein kjekk dag for alle, og ikkje minst at dei «gamle» slo ungdommen i badminton, smilte ein sveitt komitéleiar.

Bilde og video

Her kan du sjå over 100 bilde frå dagen. Video blir presentert seinare på kommunen si facebookside.