Flott skuleopning

22. februar var det offisiell opning av nye Bokn skule i Føresvik. Statsforvaltar Bent Høie klipte snora.

Bilde av at statsforvaltar Bent Høie opnar Bokn skule 22.02.23. Førsteklassingen Theodor O. Alvestad og tiandeklassingen Sofie Alise Grønnestad held snora. - Klikk for stort bileteStatsforvaltar Bent Høie opnar Bokn skule 22.02.23. Førsteklassingen Theodor O. Alvestad og tiandeklassingen Sofie Alise Grønnestad held snora. Kristian Jørgensen

På grunn av plassomsyn var det lagt opp til markeringar både føremiddag og ettermiddag, med mykje folk begge gongene. Elevar og skulepersonale tok imot inviterte gjester kl. 12 og hadde opent hus for heile bygda kl. 16.

Offisiell opning

Ordførar Osmund Våga ønskte velkommen. Statsforvaltar Bent Høie avslutta talen sin med å klippa snora, som blei halden av Theodor O. Alvestad i 1. klasse og Sofie Alise Grønnestad i 10. klasse. Dermed var skulen offisielt opna.

1. – 3. klasse song «Det er godt å ha nokon». Så fekk dei med seg 8. klasse og eit par elevar i 7. klasse på «Skulesongen». Her fekk me sjå noko av det den geniale kunnskapstrappa midt i fellesarealet kan brukast til; kortrapper klare til bruk med god klang ut i rommet på alle sider.

Bilde av tidlegare rektorar, fv. Jan Spurkeland, Svein Vea, Ingjerd Ellingsen, Wenche Havikbotn (nåverande) og Joakim Lund. - Klikk for stort bileteTidlegare rektorar, fv. Jan Spurkeland, Svein Vea, Ingjerd Ellingsen, Wenche Havikbotn (nåverande) og Joakim Lund. Jardar Havikbotn

Kulturarena

Det kom talar frå Lene Ognøy Foss frå skulegruppa, Hege Øyen Eshagi frå LINK Arkitektur, Johannes G. Alvestad og Radu Stef frå elevrådet og Anne Tove Øvrebø frå kulturskulen.

Kulturskulerektoren oppfordra elevar til å melda seg på i kulturskulen og ta i bruk dei flotte lokala i kulturavdelinga, før ho frå scenen introduserte kulturskuleelev Runar Alvestad på piano. Det var berre å lukka auga og nyta då han innvigde blackboxen med å spela «Walking In The Air».

Derimot var det ein stor fordel å ha auga opne då det kom gymmatter på golvet, og Maria Duran Silva, Helle L. Faye, Veslemøy Våga og Lovise R. Lund frå 8. og 9. klasse viste oss kunster i cheerleading. Igjen var me vitne til fellesarealet sin fleksibilitet; god plass og høgt under taket.

Nostalgi

Bilde av kulturskulerektor Anne Tove Øvrebø på den nye flotte scene/blackboxen. - Klikk for stort bileteKulturskulerektor Anne Tove Øvrebø på den nye flotte scene/blackboxen. Jardar Havikbotn

Rektor Wenche Havikbotn, som batt saman programmet, heldt tale på vegne av skulen og introduserte tidlegare skulesjef Jan Spurkeland (1976 - 1980). Mange boknarar kjenner til at han skreiv ein del boknaviser i perioden, og den spreke 81-åringen fortalde bakgrunnen for at han i 1977 laga den første boknavisa, «Færing og frieri».

Jan Spurkeland avslutta sceneprogrammet med å synga "Færing og frieri".

Det blei servert kake og kaffi, og folk kunne gå rundt og sjå på den nye skulen.

Den minnerike hendinga 22.02.23 var også godt besøkt av lokal presse og media. Det var også 22.02.91, då Boknasundbrua blei opna. 22. februar, ein spesiell dato for store hendingar i boknahistoria.

Fakta

  • 16.02.21: Kommunestyret vedtok å bygga ny skule.
  • 06.04.2021: Rivinga av den gamle skulen starta.
  • 01.06.21 (ca.): Bygginga av ny skule starta.
  • 02.01.23: Ferdigstilling/innflytting (ca 1,5 års byggetid)
  • Det nye skulebygget har eit areal som er ca. 600 m2 mindre enn det gamle skulebygget som ble rive.
  • Kommunestyret har vedtatt ei budsjettramme på 76 mill. kr. Sluttrekneskapen er ikkje klart enno.
Bilde frå "opent hus" om ettermiddagen; Alle syng "Skulsongen". - Klikk for stort bileteFrå "opent hus" om ettermiddagen; Alle syng "Skulsongen". Jardar Havikbotn

Prosjektleiar Svein Ersland fortel at pr. dags dato er det aller meste på plass. Det står att å gjera tilfluktsrommet ferdig.

Eit lite tilbakeblikk

Det var ein gammal fyrkjel i den gamle skulen som sørga for varme både til barnehagen og ungdomsskulen. Denne energikjelda måtte erstattast før det gamle skulebygget kunne rivast.

Det måtte først byggast energisentral med 10 energibrønnar (med dybde på 250m) - slik at barnehagen og ungdomsskulen hadde oppvarming i byggeperioden.

Det måtte også byggast ein eigen brakkerigg på ca. 700 m2 som skulle fungera som midlertidige skulelokale for elevar som måtte flytta ut før rivinga starta.

Det vil seinare koma video frå hendinga.

Fleire bilde frå dagen - foto: Kristian Jørgensen, Jardar Havikbotn og Wenche Havikbotn