Flyktningguide–avtale

Fv. Grethe E. Heimvik (kommunalsjef helse- og omsorg), Anne Grethe A. Osvåg (flyktningkoordinator), Kaj Arne Christiansen (leiar Bokn Røde Kors), Linn Cathrine Kro (flyktningguide Bokn Røde Kors), og Per Arne Lea (dagleg leiar Rogaland Røde Kors). - Klikk for stort bileteFv. Grethe E. Heimvik (kommunalsjef helse- og omsorg), Anne Grethe A. Osvåg (flyktningkoordinator), Kaj Arne Christiansen (leiar Bokn Røde Kors), Linn Cathrine Kro (flyktningguide Bokn Røde Kors), og Per Arne Lea (dagleg leiar Rogaland Røde Kors). Anita Kro Det er inngått flyktningguide-avtale mellom Bokn kommune og Bokn Røde Kors.

I forbindelse med at kommunen nå har tatt imot flyktningar frå Ukraina, har Bokn kommune og Bokn Røde Kors denne veka inngått ein samarbeidsavtale om Flyktningguiden. Flyktningguiden, som er eit nasjonalt tiltak i Røde Kors, er eit ein-til-ein tiltak, der den frivillige er handplukka til oppgåva.

Flyktningguiden si rolle er å vere ein vegvisar inn i lokalmiljøet, ein som kjenner lokalsamfunnet, eit medmenneske, ein å stole på og støtte seg til i ein krevjande etableringsfase. Målet med ordninga er å lette flyktningen sin overgang til det norske samfunnet.

Linn Cathrine Kro flyktningguide

Det er fyrste gong kommunen tar imot flyktningar, og vi har av den årsak heller ikkje tidlegare hatt behov for flyktningguide. Arbeidet her er difor nytt både for Bokn Røde Kors og Bokn kommune. På vegne av Bokn Røde Kors har Linn Cathrine Kro takka ja til å vere flyktningguide, og ho er allereie godt i gong med arbeidet. Som flyktningguide vil ho ha faste treffpunkt minimum anna kvar veke, eit arbeid som vil vare i minst eitt år. Ho og familien vil dette året bruke av fritida si på å bli godt kjent med dei to som nå er busette i kommunen. På denne måten vil dei få moglegheit til å praktisere det norske språket, bygge nettverk og bli sosialt inkludert her på Bokn.

Linn Cathrine vil vere knytt til eit lokalt nettverk på Haugalandet, noko som kan vere til god hjelp når ein nå skal gjere noko for fyrste gong. Ho vil i tillegg ha andre medlemmer frå Bokn Røde Kors som støttespelarar dette året.

Meiningsfull kvardag

Målsettinga for Bokn kommune og Bokn Røde Kors er at flyktningguiden dette året skal vere ein viktig vegvisar inn i samfunnet samtidig som ein er støttespelar i ein etableringsfase i eitt nytt land. Ein bustad i seg sjølv er ikkje nok for å lukkast med busetting. Ein meiningsfull kvardag man meistrar og eit trygt nettverk er og naudsynt. Den frivilligheita som Røde Kors og andre frivillige organisasjonar representerer, kan vere viktige medspelarar til offentlege tenester i så måte.