Foreldreforedrag

Torsdag 21. november kl. 19 i Auditoriet held kunnskapsrike Helge Pedersen frå Karmøy PPT foreldreforedrag med temaet Uro hos barn.

Videobilde av Helge Pedersen - Klikk for stort bileteVideobilde av Helge Pedersen Stillbilde: Jardar Havikbotn

Frykt og angst er normale reaksjonar hjå barn. Det kan til dømes vera vanskeleg for barn å sova åleine, gå på skulen, vera med i selskap, overnatta hjå andre eller på leirar, eller andre ting dei opplever som skremmande.

Helge har hatt førelesningar om dette temaet for mange foreldre i Karmøy kommune, og veit mykje om kva som er normal frykt og kva som er reel angst. Han veit noko om kva me som vaksne kan gjera for å støtta våre barn og gjera dei robuste.

Føresette vil få råd om korleis ein kan førebygga uro og hindra at det utviklar seg til eit problem, eller går ut over trivnad i kvardagen.

Mange gode råd og hjelp for alle dei gode foreldra på Bokn.

Dette blir ein nyttig kveld for alle som har barn i alderen 0 år og oppover.

Me håpar på godt oppmøte til eit veldig aktuelt tema.

Arrangør:
Bokn skule, Bokn barnehage og Bokn helsestasjon

Trykk og høyr foredragshaldaren sin song til kurset. 

"Til deg-ikke gå" er barnets ord til foreldrene:

https://www.facebook.com/100005886300381/videos/1937053506806160


Hei alle gode foreldre i Bokn

Dette må dokker få med dokker!

Helge er berre heilt unik og har mange gode verktøy og råd til oss alle. Me har alle møtt på at våre born er redde for noko eller ikkje vil noko, eller ikkje vil snakka om det.

Helge har hatt foredrag på skulen og er veldig konkret og direkte i rettleiinga si. Han har og vore med i klassar og hatt samtalar med ulike foreldregrupper.

Helge Pedersen er utdanna lærar og har lang erfaring som kontaktlærar og sosiallærar i barneskulen. Han jobbar no som rettleiar for skular i Karmøy og Bokn. 

Alle foreldre bør høyra dette foredraget om korleis ein skal møta born og unge som ikkje vil, korleis ein kan motivera dei.  
Prioriter denne kvelden i lag med alle andre foreldre og lytt til ein klok mann.

Åse Bratthammer