Føresvikvegen

Oppstarten blir 4. september. Opningsdatoen 1. mai 2018 står fast.4. september startar arbeidet med å utbetra Føresvikvegen.

I dag, 14. august, skulle arbeidet med utbetring av Føresvikvegen ha starta. Etter nyleg møte mellom Statens vegvesen og entreprenørselskapet Bertelsen & Garpestad er det klart at arbeidet byrjar 4. september. Men det blir presisert at den nye vegen blir opna 1. mai neste år.

Vedlikehald av gassrøyret

Det blir likevel eit prosjekt som startar på Føresvikvegen i dag, og det er Statoil som skal utføra vedlikehaldssarbeid på gassrøyret under vegen. Dette arbeidet vil ta om lag seks veker. Asbjørn Opedal ved Statens vegvesen fortel at arbeidsstaden vil bli inngjerda og det vil bli etablert omkøyringsveg under arbeidsperioden. Statoil-prosjektet vil ikkje ha noko å seia for vegutbetringsarbeidet.

Les også:

Ny Føresvikveg

Utbetring av Føresvikvegen